FileSender – send store filer sikkert
Med FileSender kan du enkelt overføre store filer på ein sikker måte, direkte i nettlesaren din. Du kan overføre filer til éin eller fleire mottakarar.
FileSender er eit sikkert og praktisk alternativ, til dømes når ei fil er for stor til å sende som vedlegg til e-post. Tenesta er testa med filer på opptil 2 TB.
Nøkkeltal
- Maks filstorleik: 2 TB (700 MB ved ende-til-ende-kryptering)
- Maks antall mottakarar: 200 stykk
- Lagringstid: 21 dagar
- Transportkryptering: Alltid på (TLS/HTTPS)
- Ende-til-ende-kryptering: Valfritt (AES-256, krypterast i nettlesaren)
- Gjestebrukarar: Ja. Du kan invitere eksterne til å sende filer til deg, sjølv om dei ikkje har Feide-konto
Om Filesender
FileSender kan brukast av forskarar, studentar, forelesarar og administrativt tilsette ved verksemder i kunnskapssektoren.
Verksemder som vil ta i bruk FileSender må vere knytt til Forskingsnettet, med Sikt som internettleverandør.
For å sende filer må brukaren nytte Feide-innlogging, og verksemda må difor vere ein Feide vertsorganisasjon.
Mottakar kan vere kven som helst. Du kan også invitere folk til å sende deg filer med ein gjestebrukar.
FileSender er lett å bruke for å sende store filer.
- Logg på filesender.sikt.no med Feide-brukaren din.
- Legg til e-postadressene til mottakarane, emne og ein beskjed. Mottakarar treng ikkje å ha Feide-konto.
- Last opp filene, og sett gjerne ein utløpsdato (dette er valfritt, maksimalt 21 dagar).
- Godta vilkåra for tenesta og trykk "Send".
Systemet lagrar filene og sender ei melding til mottakar med lenkje til filene. Ein kopi av meldinga blir send til deg. Mottakaren klikkar på lenkja for å laste ned filene. Når dette er gjort blir det sendt ei stadfesting til deg.
Alle overføringar i FileSender går over ei kryptert forbindelse (TLS/HTTPS), på same måte som ved nettbank eller annan sikker nettrafikk. Dette gjeld uansett kva du sender, og krev ingen handling frå deg.
I tillegg kan du velje ende-til-ende-kryptering for ekstra sensitivt innhald:
- Filene blir kryptert direkte i nettlesaren din (klientsida), med AES-256, før dei blir lasta opp.
- Sikt-serverane ser aldri passordet eller det ukrypterte innhaldet i filene, berre du og mottakaren kan låse dei opp.
- Mottakaren treng ein eigen nøkkel/passord for å dekryptere filene. Denne må du sende til mottakaren gjennom ein annan, sikker kanal (t.d. SMS, telefon eller ei anna teneste). Send det aldri i same e-post som lenkja.
- Merk: På grunn av korleis krypteringa fungerer i nettlesaren, er maksimal filstorleik redusert til 700 MB for ende-til-ende-krypterte overføringar (mot 2 TB for vanlege, transportkrypterte overføringar).
Bruk ende-til-ende-kryptering når innhaldet er særleg sensitivt, til dømes persondata, forskingsdata under teieplikt, eller anna informasjon som ikkje skal vere lesbar for nokon andre enn mottakaren.
Gode råd for å sikre deg mot at filer blir tilgjengelege for utanforståande:
- Be om ei nedlastingslenkje i staden for at lenkja blir send på e-post. (Dette gjeld berre filer du sender.)
- Overfør nedlastingslenkja til mottakar på ein trygg måte. Høyr med eiga IT-avdeling om korleis det bør gjerast ved institusjonen din.
- Vurder å skru på ende-til-ende-kryptering for ekstra sensitivt innhald.
- Avgrens talet på nedlastingar.
- Ha kort levetid på overføringa.
- Når du ber om filer, så blir det alltid sendt e-post til den mottakaren som du ber om ei fil frå. Risikoen her er at nokre utanforståande får tak i lenkja og sender deg ei falsk fil. Sikre at det er rett avsendar.
- Be om logg av alle hendingar for overføringa. Sjekk loggen.
Tenesta blir i sin heilskap produsert innanfor norsk UH-sektor, og norsk lovverk ligg til grunn.
Det er Sikt som leverer tenesta, og det er USIT ved Universitetet i Oslo som står for den tekniske tenesteleveransen. Data mellomlagres i maskinrommet til USIT.
Produkt- og tenestevilkår
Sikt sine generelle avtalevilkårUnder er dei spesifikke produkt- og tenestevilkåra lista. Elles gjeld dei generelle avtalevilkåra til Sikt.
FileSender sørgjer for enkel og sikker overføring av store filer ved bruk av nettlesar. Filene kan overførast til éin eller fleire mottakarar.
Verksemder som vil ta i bruk FileSender må vere knytt til Forskningsnettet, med Sikt som internettleverandør. Verksemda må også være ein Feide vertsorganisasjon. Brukarar må nytte Feide-innlogging for å få tilgang til å sende filer med FileSender.
Førespurnader til Sikt blir handterte på Servicenivå 2.
Servicenivået beskriv
- Kontaktpunkter og respons- og svartider ved behov for support og for å melde feil.
- Eventuell varsling ved feil og planlagt arbeid.
Sikt leverer tenesta, og USIT ved Universitetet i Oslo står for den tekniske tenesteleveransen. Data blir mellomlagra i USIT sitt maskinrom.

Vil du vite meir om våre produkt og tenester?
Vi vil gjerne høyre frå deg.